søndag 13. november 2011

To år etterpå

Det er gått nesten to år sidan forrige innlegg. Navnet vart Thora Storm, men det er ikkje noko ved det nye skuleprosjektet som viser at dette namnet var eit godt val. Vi er i ei bakevje, og der har vi vore lenge.
Det skulle byggjast i Vår Frue gate, men først måtte det haldast arkitektkonkurranse, og så skulle arkeologane sleppe til. Det vart kåra eit vinnarutkast. Som vanleg var det nokon som var misnøgde fordi det nye bygget såg ut som eit moderne bygg og ikkje ein kopi av noko gamalt. Det måtte endringar til før det kunne godkjennast. Det vart ikkje spesielt fint, men tilfredsstilte museumsvaktene.
Så var det arkeologane. Dei var visst vanskelege å få kontakt med, så det gjekk både vinter og vår, og første dato for byggestart vart passert med god margin. Då kontakten endeleg vart oppretta, var dei rådyre. Dessutan la fylkeskommunen saman 20 + 20 mill og fekk 60 mill, medan Riksantikvaren fekk 40 mill som fasit på same reknestykket.
Det er noko som ikkje stemmer med fylkeskommunens reknestykke. Dei hadde sett av 16 mill til arkeologiske utgravingar i skolegårdane på Schøning og Katedralskolen. Riksantikvaren seier dei må ha 34 - 39 mill for å grave. Det er max 23 mill meir enn fylkeskommunen hadde rekna med. Dei andre kostnadene, som gjer at totalsummen nærmar seg 60 mill, er entreprenørkostnader. Dei ville ha komme i tillegg til talet på 16 mill om fylkeskommunens anslag hadde vore rett også. Hadde fylkeskommunen gløymt å ta med dette i det opprinneleg reknestykket? Slik eg reknar, har arkeologiske utgravningar fordyra byggeprosjektet med 23 mill kr i forhold til det opprinnelege reknestykket. Dei treng såleis ikkje legge all skuld på arkeologane.
Nå skal det planleggjast for ny Thora Storm på Kalvskinnet. Forseinking på minst eit halvt år stod det i avisa. Minst burde ha vore understreka. Det vert sikkert minst to år, eitt år på planlegging, og eitt år på bygging - om vi er heldige.
Kalvskinnet er ikkje noko dårleg alternativ, meir om det seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar