mandag 14. november 2011

Det har gått 23 år og det blir vel 25

I 1988 feira Adolf Øiens skole 75-årsjubileum. Fylkeordføraren heldt tale og framheva skolen som ein god skole og ein viktig del av undervisningstilbodet i byen og i fylket. Kort tid etterpå foreslo fylkesrådmannen å legge ned skolen. Forslaget vart nedstemt ved den endelege budsjettbehandlinga, men det var vel då, om eg ikkje hugsar feil, at Midtbyskulane vart pålagde å samarbeide om små fag.

Hausten 1993 var Tiller vidaregåande skole under oppføring. Dåverande kontorsjef Otto Hernes foreslo for rektor ved NTNU, Karsten Jakobsen, at universitetet kunne overta lokala til Stiftelsen Trondhjems borgerlige Realskole i Vår Frue gate, for dei ville snart bli ledige. Jakobsen svarte at eit kvartal nord og eitt kvartal aust for Nidarosdomen kunne vere ei høveleg adresse for NTNU, men trekte seg raskt attende då han forstod at saka ikkje var klarert med nokon av partane.

Hernes sin tanke var at skoledrifta i Vår Frue gate kunne avviklast, tomt og bygningar seljast, og den frigjorde kapitalen kunne gå inn i Tiller videregående skole. for, som han sa, "ei stifting er ein vilje og ein kapital. Og viljen treng ikkje vera knytt til ein bestemt stad.". Men han hadde ikkje snakka med Direksjonen for Stiftelsen, og det vart heller ikkje til at han gjorde det. Men han meinte at dei vidaregåande skulane ikkje burde liggje i bykjernen, for miljøet der var ikkje godt. Det kom likevel ikkje noko forslag om å flytte Gerhàrd Schønings skole til Tiller.

Det som kom, var eit forslag om å slå saman Gerhard Schønings skole og Nidareid videregående skole og lokalisere den nye skolen til Singsaker der Nidareid heldt til. Utfallet av denne saka, var at Nidareid vart lagt ned, og studietilbodet der vart fordelt på Midtbyskolane. Prosessen var vond og vanskeleg, og eg trur at administrasjonen på fylkeshuset trekte den konklusjon at dei aldri meir skulle legge ned ein skole. Det var også heilt rett tenkt, for lærarane på den nedlagde skulen hadde svært dårleg rettsvern samanlikna med kva dei ville ha hatt ved ei samanslåing.

Så kom 1994, og alle 16-åringar fekk skolerett. Fylkesskolesjefen rekna ut at det måtte snarast pengar for å få plass til alle 16-åringane. Det vart forslått å slå saman Adolf Øiens skole og Gerhard Schønings skole. I tillegg vart vaksenopplæringa foreslått nedlagt. Det vart ikkje noko av dette heller. Skulane bestod og vaksenopplæringa vart oppretthalden.

Etter nokre rolege år var ein ny vidaregåande skole under oppføring i Trondheim, nemleg Byåsen. Då var vi komne fram til 1998. Det vart foreslått at allmennfaga ved GSS skulle flyttast til Byåsen. På det tidspunkt hadde eg forstått korleis både administrasjon og politikarar tenkte. Det vart bygd vidaregåande skular i fleire bydeler. Skular som hadde vore reine yrkesfaglege skular, fekk studieførebuande linjer, På denne måten vart det totalt for mange slike klassar, og reduksjonen måtte komme i Midtbyen. Eg gjekk inn for å flytta dei allmennfaglege klassene ved GSS til Byåsen. Ingen høyrde på meg. Eg var heller ikkje rektor det året.

GSS vart verande i Midtbyen. Men administrasjon, politikarar og mange rektorar meinte framleis at det var for mange allmennfaglege klassar og for mange skular i Midtbyen. Derfor kom det eit nytt forslag: Adolf Øiens skole skulle flytte til Byåsen. Det må ha vore i 2003. Det var i alle fall val den hausten. Som vi alle veit, vart det ikkje noko av den flyttinga heller.

Felles for alle desse forlaga var at dei var enten ikkje gjennomtenkte i det heile tatt, mange av dei kom som lyn frå klar himmel, og det var naturleg for dei berørte skulane å gå i forsvarsposisjon. Det Fylkeskommunen til slutt lærte, var at dei måtte sjå ting i samanheng og gjere skikkeleg arbeid. Og det gjorde dei til slutt eit forsøk på med Skolebruksplanane. Det var også mange av oss som forstod at det å redusere talet på allmennfaglege klassar i Midtbyen var ein konsekvens av andre val som har vorte gjort før: Å bygge Tiller - med allmennfag, Byåsen, legge allmennfag til. Brundalen. Det måtte gjerast noko i Midtbyen. Det som eg har hatt vanskeleg for å akseptere, er at Katedralskulen skulle haldast utanfor. Eg ser ingen som helst grunn til det. Den er ein hovudsakleg allmennfagLeg skule lokalisert i Midtbyen den også. At den har eksistert nokre hundreår lenger, er ingen grunn til at den skal sleppe utfordringane med omstilling og endring.

Eg trudde at prosjektet med å slå saman AØS og GSS var godt gjennomarbeidd og kvalitetssikra, og det var skuffande å oppdage at planlegginga ikkje heldt mål denne gongen heller. Nå håpar eg berre at alle forsøk på omkamp blir avviste, og at seinkingane ikkje vert store og langvarige. Skal vi satse på at vi er i mål 25 år etter at AØS vart foreslått nedlagt i 1988?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar