onsdag 16. november 2011

AGT-enheten

Det er ikkje heilt rett det eg skreiv sist, at Katedralskolen ikkje har vore blanda inn. Vi hadde ei stund noko som blei kalla AGT-enheten. Det var ei slags samanslåing av dei tre skulane Adolf Øiens skole, Gerhard Schønings skole og Trondheim katedralskole, nemnde i alfabetisk rekkjefølgje. Samarbeidet i denne AGT-enheten var vanskeleg, men eg var ikkje med på det så lenge, for eg slutta som rektor våren 2006, og Harald Volan overtok. Denne samanslutninga stod ved lag nokre år, og alle vi som arbeidde ved dei tre skolane fekk nye tilsetjingsbrev der det stod av vi var tilsette ved denne eininga. Det var vel alt dei tilsette merka til samordninga, og den vart oppheva att då Fylkestinget vedtok å slå saman Adolf Øiens skole og Gerhard Schønings skole.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar