Det viktigaste i denne saka er få på plass ein ny vidaregåande skole i Midtbyen og å gjere denne skolen til ein god og funksjonell skole for dei elevane som skal gå der. Fylkestinget har bestemt at det skal vere to likestilte vidaregåande skolar i Midtbyen, Trondheim katedralskole og Thora Storm videregående skole. Tomta og bygningane på Kalvskinnet kan vere vel så bra som utgangspunkt for den nye Thora Storm vgs som Vår Frue gate.
På Kalvskinnet er eksisterande klasserom større, store nok til klassar på 30 elevar håpar eg. Plasseringa er også god. Det er stilt og roleg nær elva og fjernare frå trafikken enn Vår Frue gate er. I vestfløyen i Vår Frue gate er det over 20 klasserom som alle er for små til klassar på 30 elevar. Dei fleste er under 50 m2. Gymnastikksalen er altfor liten er dagens krav. Toalett- og garderobeforhold er dårlege.
I Adressa fredag 11. november blir det meldt at "Høyres gruppe i fylkestinget ser muligheten for en omkamp om de videregående skolene i Midtbyen". Dei er nok ikkje godt nok orienterte om dei faktiske forholda. Det held ikkje å pusse opp lokala ved Gerhard Schønings skole i Vår Frue gate. Der må det byggjast nytt, og då må det gravast i grunnen. Då blir det ein ny runde med Riksantikvaren.
Men det er jo sørgjeleg at fylkeskommunen ikkje har råd til å ta kostnadene med å avdekke historia som ligg nedgraven i bygrunnen. Vi har flotte eksempel på at slik historie er blitt graven fram og gjort tilgjengeleg for ålmenta både på Folkebiblioteket og i Sparebanken. Det som er gøymt under overflata i Vår Frue gate kjem truleg ikkje til å bli avdekka i vår tid - om ikkje dei som har pengar slepp til.
Det er Stiftelsen Trondhjems borgerlige Realskole som eig grunnen og bygningane i Vår Frue gate 1 - 3. Vi har ennå ikkje høyrt kva dei seier.
Det kjem meir. Eg har tenkt å gjennomgå historia om dei mange nedleggings- og samanslåingsforslag Adolf Øiens og Gerhard Schønings skolar har måtta ta inn over seg frå 1988 og fram til dag. Det er 23 år sidan Adolf Øiens skole første gong vart foreslått nedlagt. Seinare har det vore mange rundar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar