Thora Storm videregående skole vart namnet. Førebels er det avdelingar: Adolf Øien og Gerhard Schøning, med felles leiing. Men noko særleg meir felles finst ikkje. Det foregår heller ingen samtale mellom dei to avdelingane om korleis den nye skolen skal bli.
Det siste vi har fått høyre er at byggestart for det nye bygget blir utsett fordi Trondheim kommune ikkje har godkjent planane. Kommunen hadde merknader både til det flate taket som var foreslått, og til fasadeutforminga.
Det er også interne usemje om kva klasserom og funksjonar som skal plasserast i det nye bygget.
Det vi burde snakke om, er korleis den nye skolen skal bli. Korleis kan vi ta med oss det beste frå dei to skolane og byggje vidare på det? Korleis kan vi skape ein ny skole som har sterk vekt på både det faglege og det sosiale? Ein skole der elevar frå ulike miljø kjenner seg verdsette og der dei trivst. Ein skole som elevane er stolte av å gå på.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar