søndag 29. november 2009

Thomas Angell vart for tamt

Dessutan var han mann, og han var visst nok ikkje så overvettes interessert i skule heller. Opplæringskomiteen ynskjer seg kreative forslag. Dersom det skal vere personnamn, vil dei gjerne ha kvinnenavn som er knytte til utdanning eller vitenskap. Det kan også vere nye namn, seier Karianne Tung. Eg går ut frå at ho då meiner namn på personar som har levd i nyare tid.

I skolekomiteen som jobba med saka, heldt vi oss til at personen vi ev skulle bruke namnet til, måtte vere død. Men tar vi omsyn til alt dette, har eg to namn å foreslå:

Thora Storm (1845 - 1935)

Eva Sivertsen (1922 - 2009)


Thora Storm var elev ved Trondhjems borgerlige Realskole, lærte meir språk i utlandet, dreiv ein velrenommert jenteskole i Trondheim, var med å skipe Trondhjems Kvinnesaksforening, vart valt inn i bystyret i Trondheim alt i 1901, attvald fleire gonger, sat også i formannskapet og var ein av stiftarane av Venstreforeningen i byen, ivrig forkjempar for allmenn stemmerett for kvinner. Ho var sterkt engasjert i Dyrebeskyttelsesforeningen, Omstreifermisjonen og Norsk Husflids Venner. Ho var også æresmedlem av kvinnesaksforeninga og kvinnerådet. Ho fekk en fransk orden for å ha ledet Alliance Francaises kveldskurs i ti år, og ho vart i 1901 tilsett som den første kvinnelege læraren ved Trondheim katedralskole. Ei gate på Byåsen er oppkalt etter henne.


Eva Sivertsen døydde forrige søndag, 87 år gamal.

Det som står nedanfor er kopiert frå Store Norske Leksikon
http://www.snl.no/.nbl_biografi/Eva_Sivertsen/utdypning

Eva Sivertsen var den første kvinnelege professor i engelsk språkvitskap i Noreg. Både fagleg og som universitets- og forskingsadministrator har ho utmerkt seg som viljesterk og prinsippfast. Ho spela ei heilt sentral rolle i oppbygginga av Universitetet i Trondheim (no NTNU), ikkje minst i perioden 1975–81, da ho var rektor. Ho var den første kvinnelege universitetsrektor i Noreg og ein av dei første i heile verda. Sivertsen har vore ein viktig kvinneleg rollemodell gjennom det ho har gjort og betydd.
Eva Sivertsen voks opp i Trondheim. Ho tok til å studere i Oslo 1943, men da universitetet blei stengt av tyskarane, måtte ho gjere eit opphald i studiane til etter krigen. Ho studerte i London 1949–50, og blei cand.philol. ved Universitetet i Oslo 1951 med engelsk hovudfag. Hovudoppgåva hadde cockney-dialekten i London som tema.
Ho blei dr.philos. 1961, og frå 1961 var ho professor i engelsk språkvitskap ved Noregs lærarhøgskole, seinare Universitetet i Trondheim. Ho blei medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 1961 og utnemnd til æresdoktor ved University of Strathclyde 1980. Ho verka som professor til ho gjekk av for aldersgrensa 1992.

Ved Noregs lærarhøgskole (frå 1968 Universitetet i Trondheim, no NTNU) har ho vore styrar ved Engelsk institutt i fire omgangar, til saman i 15 år, formann (dekanus) for Avdeling for filologiske fag 1963–69, og ho var prorektor 1969–72. I to valperiodar, 1975–81, var ho rektor. Sivertsen hadde i perioden 1970–86 viktige posisjonar i NAVF, der ho var medlem av og ordførar i Rådet for humanistisk forsking, medlem av Rådet for samfunnsplanlegging, medlem av og nestformann i styret for NAVF og til sist styreformann 1985–86. Ho har også hatt ei rekkje verv innanfor lærarutdanning og utdanningspolitikk generelt, m.a. som medlem av Forsøksrådet for skoleverket 1968–70, av den norske Unesco-komiteen 1971–75, av Vaksenopplæringsrådet 1984–91, og ho har vore styremedlem og viseformann for Norsk voksenpedagogisk institutt.

Eva Sivertsen har vore aktiv i lotterørsla. Ho var formann i Trondheim lotteforening 1966–72 og nestformann i styret i Norges Lotteforbund 1977–81. Ho har representert forskingsmiljøa i styret for Norsk Tipping som styremedlem og viseformann 1980–90.

1982 blei Eva Sivertsen utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Eva Sivertsens vitskaplege hovudverk er doktoravhandlinga, Cockney Phonology, som blei publisert 1960. Dette arbeidet representerer den første større framstillinga av cockney-dialekten i London, og er eit viktig pionerverk, m.a. fordi det gir ei skildring av engelskspråkleg bytalemål før William Labovs studiar av talemålet i New York City seinare i 1960-åra. I tillegg til å klargjere tilhøvet mellom cockney og Standard English gir Eva Sivertsen i dette verket djuptgåande analysar av meir generelle fonologiske spørsmål. Ho har også publisert ei mykje brukt innføring i fonologi.

Etter mitt syn oppfyller begge desse kvinnene dei krava opplæringsskomiteen stilte. Personleg liker eg Thora Storm-navnet best, for det er mest klang i det. Men eg har hatt Eva Sivertsen som lærar, og ho gjorde eit mektig inntrykk trass i at ho var ei ganske lita dame.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar