Komiteen hadde møte i dag, og eg skal prøve å gjengi det viktigaste av det vi snakka om.
(Til nye følgjarar: Dersom de vil kommentere eit innlegg, og vi ønskjer at de skal gjere det, går de til slutten av det innlegget de vil kommentere, trykkjer på Kommentarer og skriv i boksen som kjem opp.)
Aller først: Komiteen ser ikkje bort frå personnavn, trass i formuleringa "bør kunne knyttes til et geografisk sted". Men, vi leitar etter personar frå Trondheim, fortrinnsvis personar som har hatt sitt virke i Trondheim sentrum, og som har sett spor etter seg.
Dessutan vil vi helst ikkje gå så langt tilbake i historia, og vi ønskjer heller ikkje å ha eit navn med religiøse konnotasjonar.
Til møtet i dag vart det lagt fram ei liste med geografiske og historiske navn som høyrer til i området. Komiteen har vurdert alle forslag som er komne inn så langt, og vi er blitt ståande ved følgjande geografiske navn, alle med vgs etter seg:
- Nidarnes
- Nidareid
- Nidarø
- Kaupang
- Skipakrok
- Kristiansten
Personnavn som vil bli vurderte vidare er: - Cicignon
- Gunnerus
- Thomas Angell
Andre personnavn som vart vurderte i dag, var Olav Gjærevoll og Julius Paltiel.
Personleg oppfattar eg det som eit problem at det finst ein Cicignon skole i Fredrikstad, og andre meiner at Thomas Angells navn alt er mykje brukt. Men vi er på diskusjonsstadiet, og prøver å vurdere alle innspel.
Komiteen var også i dagens møte innom forfattarar, musikarar, bildekunstnarar og politikarar frå Trondheim utan at vi fann navn som vi syntest høvde på den nye skolen.
Elevrepresentanten Ola Gjønnes vil lage ein blogg der det er råd å stemme på ulike navn. Straks den er klar, vil det bli lagt lenke til den.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar