mandag 5. oktober 2009

Styreleiar seier ok til Thomas Angells skole

Styreleiar i Thomas Angells stiftelser seier det vil vere ei ære at den nye skolen i Midtbyen får Thomas Angells navn.
Det skal vere felles drøftingsmøte med dei tillitsvalde på dei to skolane på torsdag. Deretter er det fylkestinget som skal behandle navnesakene vidare. Det skal finnast nye navn på to skolar til.

fredag 2. oktober 2009

Thomas Angells skole?

Navnekomiteen hadde møte i går, torsdag, og konkluderte med ei liste på tre navn. Vi sette Thomas Angells skole på topp.
Cicignon videregående skole og Kristiansten videregående skole er dei to andre navna som nådde opp. Eitt komitemedlem synest at det er problematisk å bruke Cicgnon sidan det finst ein Cicignon barne- og ungdomsskole i Fredrikstad.
Anne Karin har sjekka med forretningsførar Inge Nordeide i Thomas Angells stiftelser om det er innvendingar mot at skolen bruker navnet. Han meinte at det ikkje var det, men han skulle ta saka opp med styreleiar (som i går var på elgjakt).